EØS
Av Gunnhild Åberge, Senterungdommen
EØS er ein avtale mellom EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein, og EU-landa,
med det målet at EFTA-landa skal kunne ta del i det økonomiske samarbeidet i EU
utan å vere forplikta av det politiske samarbeidet. På dei områda EØS-avtalen omfattar,
skal norske borgarar og bedrifter handsamast likt med borgarar og bedrifter i andre
EFTA- og EU-land.
Dei viktigaste områda er:
- Deltaking i den indre marknaden, dei fire fridommane
- Harmonisering av reglar og krav
- Felles konkurransereglar og reglar for statsstøtte
- Samarbeid på andre samfunnsområde, som forsking, utdanning, miljøvern, kultur osv
EØS-avtalen skal sikre parallell utvikling av regelverket, slik at det vert
mest mogeleg like rammevilkår. Difor må avtalen omfatte alle relevante avgjerder
og avleidde regelverk frå EU.
Avtalen må vere dynamisk, EØS-regelverket må utviklast i takt med relevant
regelverk i EU.
Regelverket må også gjennomførast og handhevast likt i heile EØS-området.
Difor er EFTA-domstolen pliktig å tolke regelverket i samsvar med tidlegare
avgjerder i EF-domstolen.
EØS-avtalen vert stadig krassare kritisert frå begge sider i debatten om EU.
Den viktigaste kritikken går på at Noreg må godta vedtaka i EU, men utan
å vere med å bestemme. EØS-avtalen omfattar berre ein del av det europeiske
samarbeidet, men likevel vert konsekvensane tydelegare på stadig fleire område.
Dette har konsekvensar for demokratiet i Noreg. ESA og EFTA-domstolen tillet ikkje
differensiert arbeidsgivaravgift, kjønnskvotering i arbeidslivet og liknande. Slike
tiltak vert definerte som konkurransevridande, og norske myndigheiter får ikkje legge
sosiale og distriktspolitiske omsyn til grunn. EU ynskjer å fokusere på økonomi og fri
konkurranse. EØS-regelverket går dessutan framfor norsk lov. Både på ja- og neisida
vert det hevda at EØS ikkje kan fungere som eit varig kompromiss.
EØS-avtalen er prinsipielt udemokratisk, ettersom det ikkje er dei folkevalde
organa som er lovgivande. Dessutan har ikkje dei folkevalde tilstrekkeleg innverknad
på lovgivingsprosessen. Styrkeforholdet mellom EU og EFTA vart skeivt i og med at
mange av dei tidlegare EFTA-landa valde å gå inn i EU, og EU dessutan utvidar.
Prosessen der avgjerder vert tekne er ikkje prega av forhandlingar mellom likeverdige
partar, men heller av overlevering av lover frå eit dominerande EU. Noreg har svak
politisk innverknad på utforminga av lover i EU. Frå EU si side er ikkje EØS-avtalen
politisk viktig nok til å legge vekt på. Dette medverkar til å gjere avtalen meir
administrativ enn politisk. Det har vist seg at Noreg ikkje har lukkast i å sikre
innverknad, t.d. gjennom deltaking i ekspertkomiteane under kommisjonen.
Då Stortinget godkjende EØS-avtalen i 1992 vart det lagt til grunn at EØS-reglane
ikkje var til hinder for å oppretthalde ikkje-diskriminerande restriksjonar på
kapitalflytting, til dømes konsesjonsordningar som ikkje gjer skilnad på nordmenn
og utlendingar. EU-kommisjonen uttalte at ikkje-diskriminerande ordningar ikkje var
i strid med reglane om fri flyt av kapital.
I den seinare tida har det vore ei utvikling i forståinga av EØS-avtalen der
dei også ser på om reglar som avgrensar fri flyt av kapital og etablering rammar
urettvist. Dermed vert søkelyset retta mot innanlandske ordningar. Den EØS-avtalen
som no utviklar seg, har aldri vore verken diskutert eller godkjent i Noreg.
|