Klikk på ein kategori for artiklar m.m

Identitetsbyggjing i EU

Av Hege Myklebust, tidlegare generalsekretær i Nei til EU

Då kol- og stålunionen vart skipa i 1951 som ein mellomstatleg avtale for å tryggja vekst og velstand i eit skadeskote Europa, var det lite som minna om den Europeiske unionen slik me kjenner han i dag.

Dei store europeiske landa Tyskland og Frankrike hadde vore i krig to gonger på 25 år, og usemje om handel og utnytting av dei store industriane var medverkande årsaker. Det er lett å skjøna tanken om at eit samarbeid som tryggja inntektene og industrioppbyggjinga og samstundes laga køyrereglar som partane var samde om på førehand, var ein god idé.

Etter kvart som samarbeidet har vorte utvida til å gjelda fleire og fleire område og fleire og fleire land, har det endra karakter. For det fyrste har det gått frå å vera eit mellomstatleg samarbeid til å bli ein union. For det andre har målsetjingane og motivasjonane bak den stadige integreringa endra seg i same takten. Maastricht-traktaten frå 1991 har som mål å vidareføra prosessen for å skapa ei stadig nærare samanslutning mellom dei europeiske folka. Denne målsetjinga var tona ned og halden løynd av ja-sida under den norske EU-kampen i 1994, men no kan det ikkje vera mykje tvil om at desse tankane har vore dei rådande, og at utviklinga mot ein storstat har kome godt i veg alt. Snart har EU-landa sin sams politistyrke Europol, dei har sams grensekontroll, og sams utanriks- og forsvarspolitikk er på veg. Sams finanspolitikk og valuta er alt komne. Den nye presidenten for EU-kommisjonen, Romano Prodi, har gått til val – eller det vil seia til utnemning – på eit program om raskare integrering på det sosiale området òg. Sosiale ordningar som pensjon, fødselspermisjon, trygd og dagpengar skal harmoniserast over heile EU-området, det same skal tariffavtalar og arbeidsmiljøreglar. Alle definisjonar på ein stat inneber maktmonopol på eit geografisk avgrensa område. Eit sentrum styrer politikken for området utetter, og kontrollerer forsvarsstyrkane både mot ytre og indre fiendar. Både Schengen-avtalen og mange av dei andre harmoniseringsreglane peiker tydeleg i retning av ei statsdanning – eit nytt, føderalt nivå vert bygd over medlemslanda, og det kjempar til seg fleire og fleire oppgåver og maktområde.

Ein union blir til
For å lukkast med eit slikt statsprosjekt, er det naudsynt at borgarane i staten kjenner eit andsvar og ein lojalitet til prosjektet. Det overstatlege nivået må kjempa seg til ein legitimitet, og det er mange hinder i vegen for dette. Eitt problem er at dei nasjonale identitetane er so vidt sterke som dei er. Tyskarar og franskmenn har tradisjonelt eit konkurranse- og rivaliseringstilhøve til einannan. I møtet mellom ulike nasjonale tradisjonar og spåk, har serpreget vorte dyrka fram hjå båe, i staden for flata ut, slik me kjenner det frå alle kantar av verda. Innanfor EU-området finst det ikkje berre mange og til dels svært ulike nasjonalitetar med mange ulike språk, det manglar òg eit sams offentleg rom der sams europeiske saker kan diskuterast.

For å skaffa seg den legitimiteten som trengst for å kunna gjennomføra den stadig tettare integreringa og maktforflyttinga, må EU òg gjennomføra eit nasjonalistisk prosjekt, etter modell frå oppbyggjinga av nasjonalstatane frå 1800-talet. Dei må skapa ein europeisk identitet som gjer at innbyggjarane kjenner seg knytte til og kjenner andsvar for å halda oppe den europeiske gruppa i motsetnad til dei som er utanfor.

Dei seinare åra har EU gjennomført storstila kampanjar for å overtyda borgarane om at dei har ein svært tett sams identitet og kultur. Dei mest opplagde symbola som nasjonalsong og flagg kom tidleg, og grunngjevinga for å setja i gang med å visa kor like og samla me er i Europa var at folk viste ein utbreidd motstand mot og skepsis overfor Unionen. Ved å spreia idéen om ein sams identitet og kultur, vonar politikarane i Brussel å gjera Den Europeiske Unionen meir tiltrekkjande for borgarane sine. Det er lett å sjå parallellane til nasjonalismen innanfor nasjonalstatane, berre at denne euronasjonalismen har EU/Europa som gjenstand i staden for nasjonalstaten.

Program for identitet
Alt i 1984 starta kommisjonen ein kampanje for å gjera det europeiske fellesskapet meir populært mellom borgarane sine. Denne kampanjen vart kalla «Borgernes Europa», og i samband med denne sende kommisjonen ut eit dokument der me kan lesa: «man finder det uomgængeligt nødvendigt, at Fællesskabet innfrier de europeiske befolkningers forventninger og vedtager foranstaltninger, som kan styrke og fremme dets identitet og image over for dets borgere». Det var òg i samband med denne kampanjen dei lanserte Beethovens «Ode til gleden» som den europeiske hymnen, tok Europarådets blå flagg med gule stjerner og gjorde det til EU-flagget, og erstatta dei nasjonale passa med EU-pass. Det kan ikkje vera nokon tvil om at det var tradisjonelle nasjonale symbol som på denne måten vart resirkulerte og kom ut i ny, europeisk drakt. Det var likevel ikkje nok til å endra folk sine haldningar til unionen, dei fleste nasjonalitetar kjende seg framleis meir knytte til sine nasjonale flagg og symbol enn til dei europeiske same.

Dette har vore til stadig hovudbry for arkitektane bak den europeiske staten, og nye granskingar førte tidleg på 1990-talet til at kulturpolitikken vart vurdert som svært viktig. Det vart oppretta eit serskilt kulturutval, og Kommisjonen opna for ein meir aktiv innsats på området. Prosjektet med europeisk kulturby har som føremål å syna korleis ulike byar rundt i Europa høyrer saman kulturelt og historisk. Dei ulike tilskipingane i kulturbyane har fått stor folkeleg oppslutning, og er ein suksess, reint økonomisk. På eit rådsmøte for alle kulturministrane den 17. november 1998 uttala dei: «særlige kulturarrangementer med europæisk eller international (navnlig den europæiske kulturhovedstad og den europæiske kulturmåned). Disse aktioner skal bidrage til at øge de europæiske folks bevidsthed om at høre til det samme fællesskab og om den kulturelle mangfoldighed i Den Europæiske Union». Den kulturelle effekten er likevel ikkje so stor som arrangørane hadde vona. I tillegg til kulturbyane, vert det halde eigne Europa-veker, og kommisjonen har avgjort at den 9. mai er offisiell Europadag. Alt dette har sjølvsagt som hovudføremål å gjera borgarane meir medvitne om den europeiske identiteten deira, og å breia ut idéen om ei naturleg samling av Europa.

Føremålet med å framheva ein sams kultur er altso ikkje berre å fremja tilhøyrsla mellom borgarane og EU, men i tillegg å kjempa ned motstanden mot unionen. Dei tidlegare forsøka på dette hadde ikkje gjeve det ynskte resultatet, so i 1995 lanserte Kommisjonen framlegg til ein ny kulturpolitikk. Namnet på framlegget er RAPHAEL – eit EF-handlingsprogram for kulturarven. Gjennom ein opplysningskampanje skal borgarane verta meir medvitne om den sams europeiske kulturarven. Dei skal læra å skilja den europeiske kulturen frå den ikkje-europeiske, men det står ingenting om kva for land som fortener nemninga europeisk. Endå om den planlagde utvidinga vert gjennomført, vil det alltid stå land på den andre sida, den ikkjeeuropeiske sida. I Raphael legg kommisjonen elles vekt på «støtte til afholdelse af store kulturarrangementer med en europæisk dimension, der bidrager til at udbrede kendskabet til den europæiske kulturarv.» Dette er ei tydeleg anerkjenning av kor viktig kulturen og kulturpolitikken er.

Kultur og pengar
Den europeiske kulturen utgjer sjølve fundamentet for EU og den vidare integrasjonen av Europa: «Europa-tanken og Europas integration bygger på den europæiske kultur som fælles grundlag og er uløseligt forbundet med en fælles erkendelse af denne kulturs samlende rolle.»

Det er tydeleg at dei stega som EU har gått til for å skapa ein sams europeisk identitet har klåre sams drag med nasjonalismen og oppbygginga av den nasjonale identiteten på 1800-talet. Den kjende nasjonalismeforskaren Benedict Anderson, viser at symbol som flagg, nasjonalsong, nasjonaldagar, sams kunst og kulturtilskipingar er viktige element i skipinga av nasjonalstaten. Anderson strekar òg under at nasjonalmuséet er ein viktig bodberar for idéen om det nasjonale fellesskapet. Og der ligg faktisk føre planar om eit nasjonalmuseum for Europa.

Det kan vera grunn til å spørja kva som er føremålet bak framstillinga av Europa som eitt kulturelt fellesskap. Ei parlamentsutgreiing frå 1992 gjev eitt av svara på dette spørsmålet: «Hvis udsigterne til en egentlig politisk union skal blive til virkelighed på grundlag af et aktivt og overbevist samtykke fra unionens borgere, skal den baseres på en fuldbyrdet og bevidst plan med gennemskuelige mål, en plan der bygger på en klar vilje, og som er udtryk for en fælles følelse og fornemmelsen af at tilhøre et skæbnefællesskab.»

Innføringa av den økonomiske og monetære unionen og euroen er eit stort steg nærare målet for dei som ynskjer eit Europas sameinte statar. Det er eit framsteg reint praktisk-politisk i og med at heile finanspolitikken vert samordna for 12 av dei 15 EU-landa (det er sjølvsagt ei lita ulempe at fire land har reservert seg og ikkje vil vera med på dette viktige steget, men det er berre ei mellombels ulempe. Sjølv om landa i utgangspunktet kan velja å ikkje vera med, er presset frå dei landa som er innanfor so stort at det berre er eit tidsspørsmål). Men like viktig som samordninga av den praktiske politikken er kjensla av å vera ei tett gruppe med ein sams valuta. Det er mange sterke kjensler knytte til både den tyske marken og det britiske pundet, og til mange av dei andre nasjonale valutaene. Ein eigen, sterk valuta har vore kjenneteiknet på ein sterk og sjølvstendig stat, og gjeve borgarane ei kjensle av makt og sjølvstende. Å gje slepp på dei nasjonale valutaene er noko av det som har falle mange EU-borgarar tyngst for brystet, og det er difor ekstra viktig for integreringstilhengjarane å få gjennomført. Det har vore og er stor motstand mot euroen innanfor EU, og det er satsa mange pengar og store kampanjar på å bryta ned denne motstanden.

Dei fleste hugsar vel dei gigantiske tilskipingane med blomar, ballongar og musikk då euroen vart lansert 1. mars 1999. Motstanden har vore serleg sterk mellom kvinner, og det er sett i gang eigne kampanjar for å få kvinner og born til å identifisera seg med euroen. Eit skrekkdøme på korleis kampanjen overfor born har fungert, finn me i Danmark, der den danske finansministeren var med på eit populært barneprogram i fjernsynet og fortalde kor lett og greitt det ville verta med euroen når ungane skulle kjøpa leiker og CDar i andre land, til dømes.

Det er oppretta ei eiga heimeside på internett for kvinner som har vanskeleg for å finna seg til rette med euroen. Kommisjonen har ein teori om kvifor kvinner er so ekstra skeptiske til den nye valutaen – det skal vera so vanskeleg for kvinnene å venja seg til å bruka euro når dei skal handla inn og styra hushaldet.

Region mot nasjonalstat
Eg har nemnt tidlegare at nasjonalstatane er viktigaste hindringa for oppbyggjinga av ein europeisk storstat, både politisk og kulturelt. EU har no vedteke å løyva pengar til sokalla interregprosjekt som skal styrkja identiteten og makta til regionale grupper som høyrer til innanfor fleire statar. Eg vil på ingen måte forsvara all undertrykkjing av minoritetsgrupper som har vore gjort innanfor nasjonalstatane opp gjennom åra. Likevel trekkjer eg motivasjonane i tvil når EU vil løyva pengar til å styrkja regionale prosjekt, serleg når det gjeld regionar som går på tvers av grensene til nasjonalstatane. Interregprosjekta kan sikkert bera med seg mykje bra, men eg trur at å styrkja regionane på kostnad av nasjonalstatane er beste måten for EU å i siste instans få meir makt til seg sjølv på. Dei veit at det berre er nasjonalstatane som utgjer ein reell konkurrent til unionen, sterkare regionar vil finna seg vel til rette innanfor unionen, under vern av unionen mot dei undertrykkjande nasjonalstatane. Eit lite, men typisk, poeng er at for å få EU-midlar til slike prosjekt skal alt materiell vera merkt med at prosjektet er EU-finansiert, sjølv om EU finansierer maksimum halvdelen av prosjektet, medan nasjonalstaten må stå for den resterande delen av finansieringa.

Propaganda
Den reine propagandaen som EU-kommisjonen spyr ut for mange millionar kvar månad, skal ein heller ikkje undervurdera verknadene av. Kvar målgruppe har sitt eige spesialtilpassa materiell på glansa papir i fine fargar, som skal fremja unionen og kor fortreffeleg han er på alle område. Til ungdomen kjem det brosjyrar om utdanning og arbeid, og EU-finansierte prosjekt for ungdom, og endåtil borna har sine eigne EU-finansierte utdanningsteikneseriar.

Tyskland har endåtil bede om meir slik propaganda for ungdom. I eit handlingsprogram for Tyskland sin formannskapsperiode i EU går dei inn for at ungdom mellom 20 og 25 år skal utsetjast for haldningskampanjar for å lika unionen betre. Dei gjer framlegg om ein eigen aksjon med tittelen «Ungdom og Europa: vår framtid», og i føremålsparagrafen står det at programmet skal «forbedre unges chancer og udsigter på de europæiske arbejdsmarkeder og påvirke deres personlige holdning til det stadig mere integrerede Europa i positiv retning».

Skule og undervisning, og ikkje minst forsking er viktige maktmiddel når ein skal byggja ein stat og ein identitet. Lektorar ved vidaregåande skular kan no mottaka pengar frå EU, om dei som motyting lovar å stå inne for europeisk integrasjon. Dette heng saman med ei ny ordning der ein kan bli professor utan å ha kvalifikasjonane til det. Ein får 50 000 kroner på toppen av vanleg løn, og tittelen Jean Monnet-professor, og kvalifikasjonen for dette er å kunna påvisa «en væsentlig tilvækst i andelen af EU-undervisning».

Trass i iherdige forsøk i minst 15 år har det europeiske identitetsbyggjingsprosjektet ikkje vore serleg vellukka so langt. Borgarane kjenner seg stadig knytte til sine nasjonale identitetar, det er dei lokale og nasjonale valkampane som engasjerer folk.

Eit europeisk språk?
Kvifor er det so vanskeleg for EU å byggja ein europeisk identitet? Eitt opplagt moment er mangelen på eit europeisk språk. Ein av dei viktigaste føresetnadene for byggjinga av nasjonalstaten i førre hundreåret er ikkje til stades, nemleg sams språk og tradisjonar. Om ei storstatsdanning skal lukkast, er det utenkjeleg å ikkje ha eit sams offentleg rom, og for at eit slikt skal fungera må det finnast eit språk som alle ordskifte og all informasjon går føre seg på. Kva for eit språk skal det vera? Løysinga i dag med 11 offisielle språk og omsetjing og tolking i alle offisielle samanhengar er opplagt både for dyr og upraktisk, og vil ikkje kunna fungera i eit slikt offentleg rom. Engelsk er nok det språket som i praksis fungerer som det samlande kommunikasjonsspråket i dag, men som europeisk kulturspråk har det openlyse bakdelar – for det eine er det det som vert bruka i USA, konkurrenten, for det andre er det neppe noko som skil europearar frå resten av verda. Tvert om, det er den amerikanske/engelske kulturen den europeiske må skilja seg klårt ut frå, om han skal fungera euronasjonsbyggjande.

Eit anna problem er at det innanfor den Europeiske Unionen finst to–tre store og sterke nasjonar som alltid har og truleg alltid vil kjempa for å få leggja dei fleste og sterkaste premissane for innhaldet i den europeiske identiteten. For at europearane skal makta å opptre samla utetter, er det naudsynt at eitt kulturuttrykk, til dømes eit språk vert sett over alle andre og definert som europeisk. Deretter – eller eventuelt før – må borgarane samla seg om dette europeiske uttrykket for å gje det legitimitet og gjera at det vert attkjent som europeisk, og denne prosessen må gjentakast på område etter område. Eg trur ein slik prosess nødvendigvis må enda i einsretting og undertrykkjing av det mangfaldet som i dag kjenneteiknar Europa.

Det største problemet for dei som ynskjer å byggja opp ein europeisk føderasjon med ei europeisk ‘folkeånd’ og nasjonalkjensle, er altso at dei materielle og kulturelle føresetnadene ikkje er til stades for det. Kva so med det prinsipielle – er det noko verre eller betre at ein aktivt går inn for å byggja ein euro-identitet enn ein nasjonalstat med ei nasjonalkjensle innanfor den avgrensa gruppa? Eg trur det heng mykje saman med motivasjonen og grunngjevingane for statsdanninga. For å seia det svært enkelt og skjematisk: Medan nasjonalstatsdanninga byggjer opp ei forholdsvis lita og oversynleg eining som knyter saman folk med same historie, tradisjonar og kultur til eit samfunn der det er mogleg for folk å vera med å styra samfunnet ut frå det dei meiner er best for det geografiske området og den eller dei folkegruppene som høyrer til staten, er den europeiske unionen i stor grad eit prosjekt for å konkurrera med USA. Det er tale om økonomisk og politisk verdsmakt, europearar må rotta seg saman for å få mest mogleg pengar og makt til Europa, og dermed kunna kjempa om verdsherredømet. For å få det til er det naudsynt å kunna styra store folkemengder med svært mange ulike språk, vanar, politiske system og økonomiske interesser med same politikken. Det kan ein ikkje gjera utan å flytta avgjerdsmakt vekk frå folk til eit høgare nivå. Eg trur ein Europeisk Union som er vellukka etter dei noverande målsetjingane, vil føra til kulturell einsretting, underskot av folkestyre, store miljøproblem og auka forskjellar mellom fattige og rike i verda. Mellom anna difor ynskjer eg ikkje at ein europeisk identitet skal fortrengja nasjonale og regionale identitetar, og av grunnar eg har vore inne på tidlegare trur eg heller ikkje det vil lukkast på lang tid enno.

Denne artikkelen er bygd over to innleiingar haldne for NMU.

Denne sida er laga av EU-utvalet i Senterungdomen Framsida EØS og alternativ Historisk utvikling Demokrati og oppbygging Miljø Landbruk og fisk Kultur EU i verda Pengepolitikk Distriktspolitikk Lesarbrev Kontakt oss Peikarar Senterungdomen