|
For å skaffa seg den legitimiteten som trengst for å kunna gjennomføra
den stadig tettare integreringa og maktforflyttinga, vil EU gjennomføra
eit nasjonalistisk prosjekt, etter modell frå oppbyggjinga av nasjonalstatane
frå 1800-talet. Dei ynskjer å skapa ein europeisk identitet som gjer at innbyggjarane
kjenner seg knytte til og kjenner andsvar for å halda oppe den europeiske
gruppa i motsetnad til dei som er utanfor.
Korleis freistar EU byggja ein europeisk identitet?
- Dei seinare åra har EU gjennomført storstila kampanjar for å overtyda
borgarane om at dei har ein svært tett sams identitet og kultur.
- EU har skaffa seg ein eigen EU-nasjonalsong og eit eige EU-flagg, og held
no på med å laga ei eiga EU-grunnlov.
- EU driv propagandaverksemd retta mot born og unge for å innprenta ein EU-identitet.
Eit godt døme på dette er teikneserien Captain Euro.
- EU freistar byggja ned dei nasjonale identitetane ved å satsa hardt på
regionale prosjekt som går på tvers av landegrensene.
Innanfor den Europeiske Unionen finst to–tre store og
sterke nasjonar som alltid har og truleg alltid vil kjempa for å få leggja dei
fleste og sterkaste premissane for innhaldet i den europeiske identiteten. For at
europearane skal makta å opptre samla utetter, er det naudsynt at eitt kulturuttrykk,
til dømes eit språk vert sett over alle andre og definert som europeisk. Deretter –
eller eventuelt før – må borgarane samla seg om dette europeiske uttrykket for å
gje det legitimitet og gjera at det vert attkjent som europeisk, og denne prosessen
må gjentakast på område etter område.
Ein slik prosess vil nødvendigvis enda
i einsretting og undertrykkjing av det mangfaldet som i dag kjenneteiknar Europa.
|